Potetgraut
Vinner av årets GD konkurranse – Din beste potetoppskrift
Ingen haust utan potetgraut
(Den trur eg er brukt berre i Ottadalen, kanskje spesielt i Vågå.)
Råskrell potetene og skjær dei i ca. ein halv cm tjukke skiver, og kok møyre i minst mogleg vatn. (så vidt ein ser i det i kjelen.) Bruk potetstapper og stapp potetene saman med vatnet. Ha på byggmjøl, heilst Skjåkmjøl, til passe tjukk graut, og kok i 10 min. Rør rundt iblandt. Smak til med salt til slutt. Aus grauten på asjett, ha søt heilmjølk i ei tallik. Ta graut og mjølk saman på skei og et. (Bedre enn vanleg vassgraut). Nam, nam, sundt og godt.
Av: Sigrid Brattland